Eg stappar fjellstøvlane full av Bergens Tidende. Bensinstasjonen i Strandebarm er gjort om til varme- og tørkestove. Her er bord med barkrakkar. Eg sparte kulturdelen i avisen og legg han på bordet, lyfter kaffikoppen, tar ein slurk og ser ned på dei bare føtene mine; huda ser ut som om eg nettopp har nytta føtene til å ta oppvasken her på stasjonen.

Midtvegs kjørte Svein Arne forbi. Det er sundag og han skulle til Bergen på messe. Før eg forlot Pilegrimstunet i Hålandsdalen hadde heile familien og eg ein god og triveleg frukost saman (og i sekken ligg fleire stykke pizza med hjortekjøt). Han sakkar på og rullar ned vindauge #Korleis er foten?» «Jau, takk…» eg vinka han vidare og farvel.
Oppover Hålandsdalen var det stilt. Eg hugsar nokre av kyrne eg passerte søkte ly innunder trea. Det striregna. Etter ca 3 km på asfalt kom eg til Nedre Bolstad. Stien over fjellet skulle starte i terrenget lengst oppe i den skrånande lia opp bak husa der. Det er ikkje godt å vite kvar den startar, menneske og maskiner er ikkje alltid enige om same leia, men snart var eg sikker på at eg var «spot on». I byrjinga gjekk det greitt, men etter kvart var stien ikkje til å sjå. Gps’en hadde si meining, men det stemte ikkje heilt. Men dette jo vere ein gamal sti, men som framleis vert nytta og hadde gått i nokre nye far, så stien på gps’en tenkte eg var nok sånn omtrent.
Ein lite brukt sti i byrjinga av juli er sjølvsagt attgrodd, så uansett om ein går på stien eller ikkje – eg veit ikkje heilt – vandringa gjekk i ymse vekstar, i lyng, kratt og høgt gras … her, no når terrenget vert brattare trer han tydeleg fram att. Snart kjem ein bergvegg til syne – og om eg skal opp der, kan det nok bli bratt, ja…Eg hugser er stussa!
i vår tid har ungdommar gått over fjellet for å kunne bade i Strandebarm. Kan hende er det lettare når ein kjenner vegen og det ikkje striregnar, men likevel hugsa eg at eg vart imponert når eg tenkte på det oppover stien – eg var ikkje halvvegs. SAM hadde førebudd litt på vegen. Om ein har høgdeskrekk eller er ein hest!, kan ein ta ein omveg som startar lengre nede i dalen. Men eg har vel ikkje mykje høgdeskrekk etter kva eg kan erindra, så eg vert ikkje uroa ved synet av den første stigen…Den andre stigen derimot – gjer meg meir betenkt. Eg har 14 kg på ryggen og her er det 15 våte trinn. Stigen står på kanten av eit stup og det er 80 meter ned, om ikkje 80 i fritt fall, men meir en nok til å knuse ein kropp. Kva valg har eg eigentleg? Det er det berre å ta det rolig – eitt og eitt – behalde roa; eg bestemmer meg for å ikkje sjå ned, kan ikkje risikera skjelving i føtene – panikk …
Eg er glad då eg er oppe. Stolt òg. Denne vegen har meir å by på enn eg trudde!
Etter denne spektakulære vegtraseen kjem ein inn i lettare terreng og inn mot Stigatjørna som for meg låg innhylla i trolsk skodde. Røydalsvatnet ligg vakker til, og i sol og varme hadde dette vore ein klar (fot)badeplass. No var den vonde foten ikkje vond lengre, så det var berre å fortsette over lyngheiene; eg misste stien eit par gonger, men då eg fann skiltet mot Strandebarm vart stien tydeleg, om enn som ein liten bekk… Nede i lia hadde regnet stoppa og eg tok av fjellstøvlane. Føtene hadde vore lenge våte, «oppvask-bleike» og det har nok vore så som så med stell av fjellstøvlane gjennom høst, vinter og vår etter at dei tok meg til Santiago i september i fjor. Ustelt goretex duger ikkje noko særleg i seriøst vått ver. Då eg kom til første huset mana eg meg opp og banka på; om dei kunne avsjå nokre gamle aviser? Snart kom mannen tilbake med gårsdagens Bergens Tidende. «Det er heilt greitt» sa han då eg protesterte.
eister Eckhart. Fosse sjølv har takka for at boka kom ut. Den har ikkje seld mykje. Folk flest, som har nok med å lese krim i vår tid, meiner vel ei bok om Fosse + mystikk omtrent er som å prøve selja dei ein kombinasjon av pest og kolera. Snart er regnet stoppa og eg går ut for å «gjere opp støvlane». Tørre (så lenge det varer) ullsokkar er godt å få på. Eg legg ut på dei 15,4 km til ferga som skal ta meg frå Tørvikbygd til Jondal. 15 km på asfalt…Ferga er ennå eit godt stykke ut i fjorden. Stuptrøytt tar eg av meg støvlane. Tre og ein halv time tok det. Om ein skal gjere enkle betraktningar om godt og vondt er saken klar: asfalt er djevelgras.
Eg tenkjer på Svein Arne og den fine familien hans. Eg har nettopp fått ein sms, Gjøa, knappejenta som snart skal få seg hest, lurer så på korleis det går med pilgrimen. Dei er på veg til Åpta på leir for NKK og har passert Røldal på vegen dit i dag. Familien er som nemd knytt til Den nordisk-katolske kyrkja (NKK), lever ei tru ein plass midt mellom katolsk og ortodoks lære og spiritualitet. Hovudtyngda av medlemmane har flytta seg frå Den norske kyrkja, men også personar frå frikyrkjelege samanhengar har blitt grepen av lengselen etter einskap basert på oldkyrkja si lære; i praksis kva kristendomen var rundt år 787 (det 7. økumeniske konsil i Nikea) Dette var det siste konsil før det tragiske store skisma i 1054 då det blei eit skilje mellom den austlege og vestlege delen av kyrkja. Som ved Reformasjonen fem hundre år seinare var det ein miks av teologiske og politiske orsakar for splittinga. NKK blir anerkjent som eit apostolisk kyrkjesamfunn både av dei ortodokse kyrkjene og Den katolske kyrkja. Eit stort steg mot einskap ville det vere om dei sist nemnde «gamle» kyrkjene fann saman. NKK står altså «tettare på einskapen» enn til dømes Den norske kyrkja, om ein ser på kva kyrkjene står for, og ikkje kva den einskilde truande i Dnk meiner og ynskjer… Gud ser på enkeltmenneska, og samanliknar oss ikkje heller med kvarandre. For Gud har kvar einaste ein sin egen veg. Ja, somme stunder har eg tenkt at Gud ikkje kjem til mennesket om det ber han om det, – ikkje før han ser at det er klart for å gå rett. Det meste i vårt religiøse liv er vårt eige strev, og det er det same om ein er kristen, muslim eller buddhist. Eg seier ikkje at det er verdilaust. Hadde det ikkje vore for at eg skusla det bort kunne Gud ha bøtta på med kraft og styrke. Sjå berre på dei karismatiske grunnstøytingane.
Det vert fortalt at ein broder kom til ein av ørkenfedrane og sa: «Eg har bedt i sju år og er blitt høyrd med ei nådegave» Ørkenfaderen svarte: «Du er blitt satt på ei stor prøve. Gå å be om at gåva vert tatt ifrå deg» Det gjorde broderen, og etter sju nye år bønhøyrde Gud han.
Pendelen svingar…
Hadde eg ikkje sett føre meg ein nær romantisk vandring på desse bygdevegane, i sol og lett vind, medan dei gamle skulle sitte ved vegen og nikka anerkjennande til pilegrimen som lettbeint og målbevisst gjekk forbi og peikte på det eigentlege i tilværa. Ut av ferga straumar «hey-yo»-kledde ungdomar med snøbrett. Folgefonna skisenter. Sjølvsagt. Fart og spaning. Ikkje mil etter mil på vonde føter. Fergje, det betyr is og kaffi. Eg er ingen asket. Berre ein pilegrim som treng trøst og balansert blodsukker.
I Jondal må eg ta ei avgjerd. Kvar skal eg bu i natt? Kan hende det er best å komme seg eit godt stykke opp i Krossdalen allereie i dag, så ikkje vegen vert for lang i morgon når eg skal over fjellet. Sjølve fjellpasseringa er berre 14 km, men eg aner eg vil få ei ny erfaring av kva 14 km kan vere …
Mens eg sitter på ein benk i Jondal for å finne telefonnummeret til Folgefonna Gardscamping, kjem ein blid mann og kommenterer bjørkestaven min; får prøve den, kjenne det gode grepet for vanleg vandring og det andre høgare oppe for nedstigingar. Han nikkar. Ein dugandes bjørkestav. Han har møtt pilegrimar i Trondheim ein gong, fortel han meg. Eg seier han må prøve å gå sjølv.
Den var open sjølv om klokka var nesten halv åtte, og det var godt å sitte aleine i kyrkja, be, takka – ja, gjorde eg det? – ja, eg trur det, eg skreiv i alle fall ei helsing i boka som låg open i våpenhuset og var meint for formålet; takka dei lokale kreftene for pilegrimsmerka veg over fjellet. «Delvis merka» hadde soknepresten skrive i e-posten… Snart er eg oppe på gardcampingen, og ein varm dusj er berre konge! Etter to pizzastykke med hjortekjøt og tidebøn, sovnar eg til høg musikk frå «hey-yo»-ungdomane i ei teltgruppe tett ved; gregoriansk song med heftige rytmar. Gruppa heiter faktisk Gregorian, og legger kjende låter inn i eit «mysteriøst» lydbilete og sterkt «gregoranisert!». Eg meiner dette er ein song der omkvedet er «Gloria», sjølvsagt i ei pålessa rytme. Ikkje så verst å sovne til, eigentleg. A bit larger than life – akkurat som draumen. I morgon vert det «less is more».