Eg stappar fjellstøvlane full av Bergens Tidende. Bensinstasjonen i Strandebarm er gjort om til varme- og tørkestove. Her er bord med barkrakkar. Eg sparte kulturdelen i avisen og legg han på bordet, lyfter kaffikoppen, tar ein slurk og ser ned på dei bare føtene mine; huda ser ut som om eg nettopp har nytta føtene til å ta oppvasken her på stasjonen.

Midtvegs kjørte Svein Arne forbi. Det er sundag og han skulle til Bergen på messe. Før eg forlot Pilegrimstunet i Hålandsdalen hadde heile familien og eg ein god og triveleg frukost saman (og i sekken ligg fleire stykke pizza med hjortekjøt). Han sakkar på og rullar ned vindauge #Korleis er foten?» «Jau, takk…» eg vinka han vidare og farvel.
Oppover Hålandsdalen var det stilt. Eg hugsar nokre av kyrne eg passerte søkte ly innunder trea. Det striregna. Etter ca 3 km på asfalt kom eg til Nedre Bolstad. Stien over fjellet skulle starte i terrenget lengst oppe i den skrånande lia opp bak husa der. Det er ikkje godt å vite kvar den startar, menneske og maskiner er ikkje alltid enige om same leia, men snart var eg sikker på at eg var «spot on». I byrjinga gjekk det greitt, men etter kvart var stien ikkje til å sjå. Gps’en hadde si meining, men det stemte ikkje heilt. Men dette jo vere ein gamal sti, men som framleis vert nytta og hadde gått i nokre nye far, så stien på gps’en tenkte eg var nok sånn omtrent.
Ein lite brukt sti i byrjinga av juli er sjølvsagt attgrodd, så uansett om ein går på stien eller ikkje – eg veit ikkje heilt – vandringa gjekk i ymse vekstar, i lyng, kratt og høgt gras … her, no når terrenget vert brattare trer han tydeleg fram att. Snart kjem ein bergvegg til syne – og om eg skal opp der, kan det nok bli bratt, ja…Eg hugser er stussa!
i vår tid har ungdommar gått over fjellet for å kunne bade i Strandebarm. Kan hende er det lettare når ein kjenner vegen og det ikkje striregnar, men likevel hugsa eg at eg vart imponert når eg tenkte på det oppover stien – eg var ikkje halvvegs. SAM hadde førebudd litt på vegen. Om ein har høgdeskrekk eller er ein hest!, kan ein ta ein omveg som startar lengre nede i dalen. Men eg har vel ikkje mykje høgdeskrekk etter kva eg kan erindra, så eg vert ikkje uroa ved synet av den første stigen…Den andre stigen derimot – gjer meg meir betenkt. Eg har 14 kg på ryggen og her er det 15 våte trinn. Stigen står på kanten av eit stup og det er 80 meter ned, om ikkje 80 i fritt fall, men meir en nok til å knuse ein kropp. Kva valg har eg eigentleg? Det er det berre å ta det rolig – eitt og eitt – behalde roa; eg bestemmer meg for å ikkje sjå ned, kan ikkje risikera skjelving i føtene – panikk …
Eg er glad då eg er oppe. Stolt òg. Denne vegen har meir å by på enn eg trudde!
Etter denne spektakulære vegtraseen kjem ein inn i lettare terreng og inn mot Stigatjørna som for meg låg innhylla i trolsk skodde. Røydalsvatnet ligg vakker til, og i sol og varme hadde dette vore ein klar (fot)badeplass. No var den vonde foten ikkje vond lengre, så det var berre å fortsette over lyngheiene; eg misste stien eit par gonger, men då eg fann skiltet mot Strandebarm vart stien tydeleg, om enn som ein liten bekk… Nede i lia hadde regnet stoppa og eg tok av fjellstøvlane. Føtene hadde vore lenge våte, «oppvask-bleike» og det har nok vore så som så med stell av fjellstøvlane gjennom høst, vinter og vår etter at dei tok meg til Santiago i september i fjor. Ustelt goretex duger ikkje noko særleg i seriøst vått ver. Då eg kom til første huset mana eg meg opp og banka på; om dei kunne avsjå nokre gamle aviser? Snart kom mannen tilbake med gårsdagens Bergens Tidende. «Det er heilt greitt» sa han då eg protesterte.
eister Eckhart. Fosse sjølv har takka for at boka kom ut. Den har ikkje seld mykje. Folk flest, som har nok med å lese krim i vår tid, meiner vel ei bok om Fosse + mystikk omtrent er som å prøve selja dei ein kombinasjon av pest og kolera. Snart er regnet stoppa og eg går ut for å «gjere opp støvlane». Tørre (så lenge det varer) ullsokkar er godt å få på. Eg legg ut på dei 15,4 km til ferga som skal ta meg frå Tørvikbygd til Jondal. 15 km på asfalt…Ferga er ennå eit godt stykke ut i fjorden. Stuptrøytt tar eg av meg støvlane. Tre og ein halv time tok det. Om ein skal gjere enkle betraktningar om godt og vondt er saken klar: asfalt er djevelgras.
Eg tenkjer på Svein Arne og den fine familien hans. Eg har nettopp fått ein sms, Gjøa, knappejenta som snart skal få seg hest, lurer så på korleis det går med pilgrimen. Dei er på veg til Åpta på leir for NKK og har passert Røldal på vegen dit i dag. Familien er som nemd knytt til Den nordisk-katolske kyrkja (NKK), lever ei tru ein plass midt mellom katolsk og ortodoks lære og spiritualitet. Hovudtyngda av medlemmane har flytta seg frå Den norske kyrkja, men også personar frå frikyrkjelege samanhengar har blitt grepen av lengselen etter einskap basert på oldkyrkja si lære; i praksis kva kristendomen var rundt år 787 (det 7. økumeniske konsil i Nikea) Dette var det siste konsil før det tragiske store skisma i 1054 då det blei eit skilje mellom den austlege og vestlege delen av kyrkja. Som ved Reformasjonen fem hundre år seinare var det ein miks av teologiske og politiske orsakar for splittinga. NKK blir anerkjent som eit apostolisk kyrkjesamfunn både av dei ortodokse kyrkjene og Den katolske kyrkja. Eit stort steg mot einskap ville det vere om dei sist nemnde «gamle» kyrkjene fann saman. NKK står altså «tettare på einskapen» enn til dømes Den norske kyrkja, om ein ser på kva kyrkjene står for, og ikkje kva den einskilde truande i Dnk meiner og ynskjer… Gud ser på enkeltmenneska, og samanliknar oss ikkje heller med kvarandre. For Gud har kvar einaste ein sin egen veg. Ja, somme stunder har eg tenkt at Gud ikkje kjem til mennesket om det ber han om det, – ikkje før han ser at det er klart for å gå rett. Det meste i vårt religiøse liv er vårt eige strev, og det er det same om ein er kristen, muslim eller buddhist. Eg seier ikkje at det er verdilaust. Hadde det ikkje vore for at eg skusla det bort kunne Gud ha bøtta på med kraft og styrke. Sjå berre på dei karismatiske grunnstøytingane.
Det vert fortalt at ein broder kom til ein av ørkenfedrane og sa: «Eg har bedt i sju år og er blitt høyrd med ei nådegave» Ørkenfaderen svarte: «Du er blitt satt på ei stor prøve. Gå å be om at gåva vert tatt ifrå deg» Det gjorde broderen, og etter sju nye år bønhøyrde Gud han.
Pendelen svingar…
Hadde eg ikkje sett føre meg ein nær romantisk vandring på desse bygdevegane, i sol og lett vind, medan dei gamle skulle sitte ved vegen og nikka anerkjennande til pilegrimen som lettbeint og målbevisst gjekk forbi og peikte på det eigentlege i tilværa. Ut av ferga straumar «hey-yo»-kledde ungdomar med snøbrett. Folgefonna skisenter. Sjølvsagt. Fart og spaning. Ikkje mil etter mil på vonde føter. Fergje, det betyr is og kaffi. Eg er ingen asket. Berre ein pilegrim som treng trøst og balansert blodsukker.
I Jondal må eg ta ei avgjerd. Kvar skal eg bu i natt? Kan hende det er best å komme seg eit godt stykke opp i Krossdalen allereie i dag, så ikkje vegen vert for lang i morgon når eg skal over fjellet. Sjølve fjellpasseringa er berre 14 km, men eg aner eg vil få ei ny erfaring av kva 14 km kan vere …
Mens eg sitter på ein benk i Jondal for å finne telefonnummeret til Folgefonna Gardscamping, kjem ein blid mann og kommenterer bjørkestaven min; får prøve den, kjenne det gode grepet for vanleg vandring og det andre høgare oppe for nedstigingar. Han nikkar. Ein dugandes bjørkestav. Han har møtt pilegrimar i Trondheim ein gong, fortel han meg. Eg seier han må prøve å gå sjølv.
Den var open sjølv om klokka var nesten halv åtte, og det var godt å sitte aleine i kyrkja, be, takka – ja, gjorde eg det? – ja, eg trur det, eg skreiv i alle fall ei helsing i boka som låg open i våpenhuset og var meint for formålet; takka dei lokale kreftene for pilegrimsmerka veg over fjellet. «Delvis merka» hadde soknepresten skrive i e-posten… Snart er eg oppe på gardcampingen, og ein varm dusj er berre konge! Etter to pizzastykke med hjortekjøt og tidebøn, sovnar eg til høg musikk frå «hey-yo»-ungdomane i ei teltgruppe tett ved; gregoriansk song med heftige rytmar. Gruppa heiter faktisk Gregorian, og legger kjende låter inn i eit «mysteriøst» lydbilete og sterkt «gregoranisert!». Eg meiner dette er ein song der omkvedet er «Gloria», sjølvsagt i ei pålessa rytme. Ikkje så verst å sovne til, eigentleg. A bit larger than life – akkurat som draumen. I morgon vert det «less is more».

Svein-Arne var ein god kunde i «bokladen» eller Ikonhuset, den økumeniske bokhandelen er dreiv i Marken i Bergen, butikken som mange ofte stakk innom berre for å vere der litt… Han var fin, med ikonar, oljelampar, krusfiks og rosenkransar; eit smykkeskrin på mange måtar; var til og med på NRKs Norge Rundt og meir enn ein gong presentert i bergensavisene med store oppslag, ja eg meiner oppslag – to sider. Men sjølv om mange såg på denne butikken som verdifull og noko det burde vere eit grunnlag for å kunne drive utan å stadig stappe pengar inn i sprekkar og hol, gjekk det ikkje i lengda. «Ein skigard kan ikkje vare evig, veit du». Gud lot Bysants gå i grus, så kvifor ikkje ein liten butikk i Bergen.
Ja, ei tid trudde eg virkeleg at Gud ville syte for den, men der tok eg feil, eller gav eg opp for tidleg? Var eg ikkje tru i dei små tinga? Eg kan berre ikkje få meg til å tru at alt som ser godt i den kristne frukthagen er eit resultat av Guds finger. Snarare at det berre det som døyr som kan bere frukt i neste avling. Men så «enkelt» er et nok heller ikkje. Men slikt kan vere rett å reflektere over. Ein har spøkefullt sagt om det kristne Norge: «Om Jesus kom att, ville alt likefullt ha fortsatt inntil budsjetta var brukt opp»
Ikkje for det, ho er blid og hyggjeleg og blir med inn for å gje litt valuta for blodprisen; det er mykje interessant å høyre om kyrkja. Dette er ei tidlegare stavkyrkje, og eldste kjende kjelde seier ho i alle fall stod her i 1309. Seinare vart ho bygd om. Reformasjonen satte sitt preg på kyrkja; ein staseleg preikestol er frå den tida. Det oser av gammalt kyrkjeliv.
Det er nesten som ein vert litt grepen av reformasjonsrørsla si pedagogiske kraft når ein ser den store tavla anno 1590 med sentrale tekstar til bruk når nattverden vart feira. Preikestolen er flott!
Krossen (Tau som betyr bokstaven T) har egyptisk, førkristen og direkte heidensk okkult opphav, og til dømes Frans av Assisi velsigna alt han åt og alt han skreiv med ein tau-kross. I tradisjonen skal denne krossen vere eit sterkt bilete på at Kristus har seira, er høgste makta og at ei velsigning med ein tau-kross i Jesu namn er særleg mynta på å halde dei vonde maktene borte.
Ved midnatt går eg takksam til sengs i gjesterommet, eit rom fylt med bøker, ikon og andre religiøse gjenstandar. Bumerket på Tegland er etter gamalt ein kross har husfolket funne ut; ein kvadratisk kross; det er sjeldan å sjå ein heim i vår tid med så mange element i alle rom som peikar på den trua som dette huset er bygd på. Og det er vakre ting – alt. Eit hus i cistercienserklostra si ånd i Hålandsdalen!
Det er ei freistande tanke å seie: «Nok er nok, eg har betennelse i leggen», og så sitte på med han tilbake. Eg må sove på det. men først får leggen eit tynt lag med Ibux-krem; betennelsesdempande. Eg kjenner at opphaldet her i alle fall har gitt meg tru på og styrke til å gå vidare i morgon om foten lar seg be. Og husfolket vil be for meg; godt å tenke på som motvekt til ein aning uro for turen om to dagar over høgfjellet. Eg takkar Gud.
Ei restaurering av Fana kyrkje vart ferdig i 2008 og dette gjer at ho i dag framstår nydusja og blid. Og det var nok noko anna enn at dette var fyrste kyrkje eg var inne i denne dagen som gjorde at eg fann ho høgst vakker. Takkonstruksjonane saman med korboga gav ei oppleving av å vere inne i ei slags keltisk smykke-form. Bogene omslutta både krusifikset oppe ved taket og meg sjølv ved golvet i ei mjuk famn. Dagens krusifiks er ikkje så



Cistenciensarordenen, som Lyse kloster tilhøyrde, har ei mykje interessant historie – òg i Norge – og Carl Gervin skal ha takk for boka «Klostrene ved verdens ende» som kom for nokre år sida. Boka omhandlar munkeordenen sitt nærvær (også) i det kalde nord, og det var kloster både I Trondheim-, Bergen-, og Osloområdet, i alt seks klostre.
tilsynelatande gudlause stunder. Mellomalderen var på ein spesiell måte symbola si tid, der dette skulle peike på den åndelege røynda. Cistenciensarane var opptatt av skjønnhet og plassen klosteret skulle byggjast blei valgt med omhug. Alt skulle minne om Guds nærvær og samla konsentrasjonen om han og Kristi miskunn for verda. Så lenge ein hadde ein brødbit igjen skulle ingen fattige døy utanfor eit cistencienserkloster. Eit kloster skulle både verna det innanfor som gjev rørsle i rett retning og stengje ute det som trua med å øydeleggje denne vegen – pilegrimsvegen!
eg allereie har gått 42 km fortel GPS’en. Like langt som eg trudde heile ruta var! Og no er ikkje føtene så lystne på meir. Ann-Heidi, ho heime, er på tråden. Fortel om vår eldste sønn som er på ei slags opptaksveke i militæret; med erfaring som KRIK-leiar, ynskjer han å tenestegjere som velferdsoffiser under fyrstegångstenesta, og skal freiste passere nålauget. Han har i dag fått utlevert utstyr for ei veke i felten. Skal eg melde han må eg gjere det no. Alle mobiltelefonar blir inndregne i kveld. «Skal eg hente deg?» spør ho.
Då eg endeleg når ferga har eg gått og kjent dei siste par km at noko under venstrefoten ikkje er rett. På ferga må eg innrømma eg har gjort ein nybegynnarfeil; ikkje stoppe umiddelbart for ein sjekk når ein kjenner at noko med føtene er gale. Det har no danna seg ei blemme under den tjukke huda, og eg må skuffa innsjå at vandresandalane ikkje er det eg bør gå mest med. Eg hadde håpa på det i tørt og varmt ver og på lange etappar med hard asfalt. Compeed (gnagsårplaster) er det mange som ikkje anbefalar; om det blir mykje press på plasteret og det startar å krølle seg, kan det lett slite med huda av. Her tenkjer eg huda er så tjukk at det ikkje kan skje. Det kjennes godt, saman med kaffe og is.
eit måltid på primusen. 14 kg veier børa mi, så det er begrensa kva eg har med; ei panne i alle fall. Etterpå postar eg på Facebook og får raskt nokre svar: «Ute å går igjen?» Eg svarar det er ein sublim solidaritetshandling med min eldste sønn som akkurat har «helvetesveka» i militæret. Etter ei flåsete stund – klosteret står med vidopne dører – stengjer eg, tar fram Tidebønnsboka og rammar inn dagen.






ca år 1140. Berre eit lite korkapell og klosterkyrkjas tårnfot står tilbake, skildt av eit verkstadsbygg. Etter reformasjonen ble klosteret konfiskert av reformasjons-makta i byen. Ein kort periode vart klosteret nytta av antonitteerordenen (etter ørkenfaderen Antonius) etter at cisterciensernonnene hadde flytta. Det er grunn til å tru at det var desse som danna St. Jørgen Hospital.
To turistar står utanfor porten og fotograferer – frå Japan, ja. Eg blir òg turist; eg kan ta bilete med gps’en! Det står ikkje noko om opningstider og slikt, men eg ser at porten står på gløtt, så eg går over plassen og bort til kyrkjedøra. Den står open, men ikkje mange sekunda etter at eg når døra kjem ein kar farande. «The church is closed, didn’t you see that» seier han. «The gate was open» svarar eg. «No, it was closed» svarar han igjen. Den var kan hende ikkje vid open, men for meg såg ikkje staden stengt ut. «Honestly, it wasn’t closed» seier eg igjen på et så perfekt engelsk som eg kan. Eg reknar med at denne litt forfinede karen, pene klær og temmeleg langt, svart hår, tilbakestroke – nett som ein italiener, tenkjer eg – trur at eg er ein utanlands turist, så kvifor ikkje berre la han tru det. «Let’s not make an issue her» seier han med ein overbærenheit i stemmen som ikkje heilt skjuler ein overraskande sterk irritasjon som får meg til å tenkje at han visst trur han har rett til å fengsla meg for innbrot. Eg er ein pilegrim, så eg seier «I’m sorry» og lar han åpne porten som eg har lukka inntil, sia eg trudde det var på den måten den eigentleg skulle vere.
Først eit sølvkors som ble fjerna med Reformasjonen. Deretter eit krusifiks (bilete) som óg hadde helbredande kraft. Også dette blei fjerna og er no i Bergen Museum sine samlingar.


